Vokalutvikling



Yüklə 327,5 Kb.
tarix15.08.2018
ölçüsü327,5 Kb.
#62475



Vokalutvikling

  • Vokalutvikling

  • monoftongering

  • tonem, tonelag

  • kvantitetsomlegginga

  • lågning (senking)

  • diftongering

  • kjedeforskyving av lange bakre vokalar

  • korte bakre vokalar

  • vokalreduksjon

  • apokope

  • jamvekt

  • jamning



Diftongar blir til einskildvokalar: ei > e, au > ø, øy > ø

  • Diftongar blir til einskildvokalar: ei > e, au > ø, øy > ø

  • Tidleg norrøn tid fram til 1600-talet

  • Austnordisk (norsk langs svenskegrensa, svensk, dansk)

  • Framlyd og innlyd:

    • ei > e, eik / ek (eg); stein / sten
    • au > ø, aust / øst; draum / drøm; hauk / høk*;
      • svensk: hök, hög (haug); dansk: høg (hauk), høj (haug)
    • øy > ø, øyde / øde; drøyme / drømme
  • Ikkje i utlyd eller framfor vokal i norsk:

    • hey > høy (tørt gras); ey > øy;
      • svensk: hö, ö; dansk: hø, ø
  • Norrønt: sauðr, haugr; sau og haug frå nyare norsk)



Tonem er òg kalla tonelag. To typar tonem.

  • Tonem er òg kalla tonelag. To typar tonem.

  • Suprasegmentalt fonetisk trekk, dvs. ikkje knytt til ein fon / lyd.

  • Tonem 1 og tonem 2 (tonelag 1 og tonelag 2)

  • ¹landa / ²landa -- subst. bf. flt. / verb pret.

  • ¹landet / ²landet -- subst. bf. eint. / verb pret.

  • Frekvensen i stemmebanda, kalla grunnfrekvensen, varierer gjennom ordet. For kvar dialekt er det ulikt for tonem 1 og 2.

  • Dessutan er dette ulikt for ulike dialektar, slik det omtalt i Talemål for:

    • Lågtonedialekter – austnorsk, trøndersk
    • Høgtonedialekter – vestnorsk, nordnorsk


Hovudsystem

  • Hovudsystem

  • Einstava i urnordisk / tidleg norrøn tid > tonem 1 (substantiv bestemt form + sterke vb. 3. p. eintal)

  • Tostava på same tid > tonem 2 (verb)

  • Bønner, baunir; tostava > tonem 2

  • Bønder, bøndr; einstva > tonem 1



Dette er del av talemålsstoffet, boka Talemål (og kan vente til det)

  • Dette er del av talemålsstoffet, boka Talemål (og kan vente til det)

  • For tonem 1:

  • B, vest og nord: høgtone til låg i trykkstavinga, lågtone i trykklett

  • D, aust og trøndersk: lågtone i trykkstavinga, låg til høg i trykklett

  • X, inga tonelagsmotsetning: utanfor Bergen, Sørvest-Helgeland, deler av Nord-Troms og Finnmark

  • For tonem 2:

  • vest: lågtone i trykkstavinga, høgtone i trykklett

  • aust: høgtone i trykkstavinga, låg til høg i trykklett



Tonem 1 og 2 er utvikla etter norrøn tid

  • Tonem 1 og 2 er utvikla etter norrøn tid

  • Tonem 1 har oppstått i opphavleg einstava ord frå norrønt når dei anten har fått ending for best. form, eller det har kome inn ein ny vokal mellom to konsonanter til slutt

  • hestr-inn > ¹hesten (best. form, inn, var eige ord i norrønt)

    • hus-it, hus-in > ¹huset, ¹husa (best. form var eigne ord: it, in)
    • ákr > ¹åker (e-en inn framfor konsonantending seinare, innskotsvokal / svarabhaktivokal)
    • bǿkr > ¹bøker (obs. fleirtal, e-en seinare, svarabh.-vok.)
  • Tonem 2 har oppstått i tostava ord på norrønt, ofte i ord med bøyingsending (anna enn best. form)

    • hest-ar > ²hestar
    • hest-ar-nir > ²hestane
    • kona > ²kone
    • vera > ²vera


gestr, gestr-inn, gest-ir > gjest, ¹gjesten, ²gjester

  • gestr, gestr-inn, gest-ir > gjest, ¹gjesten, ²gjester

  • bygd, bygd-in, bygd-ir > bygd, ¹bygda, ²bygder

  • bók-in, bǿkr > ¹boka, ¹bøker

  • bóndi, bǿndr > ²bonde, ¹bønder

  • vik-a, vik-a-n, vik-ur > ²veke, ²veka, ²veker, ²vekene

  • vík, vík-in, vík-ar > vik, ¹vika, ²vikar, ²vikane

  • land-it, land-in > ¹landet, ¹landa

  • lenda > ²landa (inf.)

  • lendar, lendaði > ²landar, ²landa / ²landet



Tonem 1 vanleg i innlånte ord og ord henta inn frå norrønt igjen i ny tid

  • Tonem 1 vanleg i innlånte ord og ord henta inn frå norrønt igjen i ny tid

      • ¹sykkel, ¹data, ¹giro, ¹ipod (innlån)
      • ¹Helga / ²Helga (?), ¹Olav / ²Olav (nyhenta)
  • Òg tonem 2 i innlånte ord:

      • ²stasjon, ²banan (brukt i austlandsk og i trøndersk, med trykk på første staving)
  • Tonemgrupper (austl. og trøndersk)

      • ²holdt på, ²står på


Kvantitet vil her seie lengde på vokal og etterfølgjande konsonant i same staving. Eksempel på dei neste sidene.

  • Kvantitet vil her seie lengde på vokal og etterfølgjande konsonant i same staving. Eksempel på dei neste sidene.

  • Normallange stavingar: anten vokal eller konsonant er lang, den andre kort; i norrønt og moderne norsk

  • Korte stavingar: kort vokal og kort konsonant; i norrønt, litt i nyare dialektar (Gudbrandsdalen)

  • Overlange stavingar: lang vokal og lang konsonant; i norrønt, litt i nyare dialektar (Setesdal)



Normallange stavingar både i norrønt og moderne norsk:

  • Normallange stavingar både i norrønt og moderne norsk:

  • kort vokal + lang konsonant:

    • hallr / hall, gestr / gjest, skinn (’hud’)
    • (Lang konsonant er dobbel i skrift i norrønt og i moderne norsk.)
  • lang vokal + kort konsonant:

    • góð(r) / god; , skín (1.pers. presens) / skin
    • (Lang vokal er skriven med lengdeteikn, lik aksent agiu, i norrønt. I moderne norsk er lang vokal berre uttrykt med enkel konsonant etter.)
    • (Nokre av eksempla ovanfor er viste i TV 4.2.)


Korte stavingar i norrønt.

  • Korte stavingar i norrønt.

  • I moderne norsk har orda blitt til normallange, unntak for Gudbrandsdalen som har halde på korte.

  • kort vokal + kort konsonant i norrønt:

    • skin (lys); gera, vin(r), hnot (nøtt), gras, svar, svara
  • til normallange i moderne norsk

    • ofte lang vokal + kort kons. i vest:
      • [ski:n], [jæ:ra],[ve:n], [no:t], [gra:s]
    • ofte kort vokal + lang kons. aust:
      • [skin:], [jør:a], [ven:], [nøt:], [gras:], (da. [gres:])
    • veksling mellom austl. og n-austl. + trøndersk:
      • austl.: [væ:ra], [jæ:ra]; n-aust + tr.: [var:a], [jær:a]
    • ! Gudbrandsdalen, kort + kort: [skin], [jera], [gras], [lesa], [Sel]
  • ! Legg merke til korleis bokmål og nynorsk er normert (som aust og vest).



Overlange stavingar i norrønt. I moderne norsk har orda blitt til normallange, unntak for Setesdal som har halde på overlange.

  • Overlange stavingar i norrønt. I moderne norsk har orda blitt til normallange, unntak for Setesdal som har halde på overlange.

  • lang vokal + lang konsonant i norrønt:

    • nátt, skínn (skinner, 2. og 3. p. presens), vítt (vidt, norr. oppsl. víðr)
  • til normallange i moderne norsk:

    • oftast kort vokal og lang konsonant:
      • natt, skinner (analogisk), vidt [vit:]
    • også lang vokal og kort konsonant:
      • [∫i:n] / [∫i:ner]
    • ! Setesdal, lang + lang: [no:t:]




Lettare å uttale høge, låge, fremre og bakre vokalar når dei er lange enn når dei er korte.

  • Lettare å uttale høge, låge, fremre og bakre vokalar når dei er lange enn når dei er korte.

  • Taleorgana har betre tid til å endre posisjonar frå lyden før.

  • Korte vokalar blir lettare endra mot sentrale, som /e/ og /ø/.

  • Lågning gjeld høge vokalar som blir sentrale.

  • Lågning der vokalen blir lik eit anna fonem i dialekta, er mest vanleg i trøndersk og nordover, finst òg i austlandsk. (støkke, bøyd (bygd), fesk)

  • Ei svakare lågning har funnest i vestlandsk, men har dreidd seg om små kvalitative endringar.

  • Lang vokal, utan lågning: norr. dríva, /dri:va/ > /dri:va/

  • Kort vokal, med lågning: norr. lifa, /liva/ > [leva], > /le:va/



Lang vokal, har ikkje lågning:

  • Lang vokal, har ikkje lågning:

    • norr. dríva, [dri:va] > [dri:va]
    • norr. stýra, [sty:ra] > [sty:ra]
  • Kort vokal, med lågning:

    • norr. lifa, /liva/ > [leva] > /le:va/
    • norr. spyrja, /spyrja/ > /spørja/ > /spørja/, /spørre/
    • norr. fiskr > /fesk/, jf. /fisk/
    • norr. vit > /vet/, jf. /vit/
    • norr. stykki > /støke/
    • norr. bygð > /bøgd/, /bøyd/


ó: norr. fótr /fo:tr/ > /fou:t/, ein fot

  • ó: norr. fótr /fo:tr/ > /fou:t/, ein fot

    • norr. rót /ro:t/ > /rou:t/, ei rot
  • á: norr. hár /ha:r/, /hɔ:r/ > /hau:r/ (/ɔ/ er låg bakre å-lyd)

    • (sml. norr. svar, svara > /sva:r/, /sva:ra/)
  • ú: norr. skúta /sku:ta/ > /skeu:te/

  • é: norr. tré /tre:/ > /træi:/ (vekst)

  • í: norr. bíta /bi:ta/ > /bei:te/

  • kanskje allofonisk før kvantitetsomlegginga

  • Vestlandet, Setesdal, danske og svenske dialektar, islandsk og færøysk

  • engelsk og tysk: house, Haus, mouse, Maus; ice, Eis

  • nederlandsk: ijs /eis/, muis /møys/



Lange bakre vokaler flytta i takt etter norrøn tid.

  • Lange bakre vokaler flytta i takt etter norrøn tid.

  • Låg (open) å-lyd, med opphav i lang a på norrønt, blei mellomhøg (mindre open) å-lyd. Vokalen i norrønt kál gjekk frå låg til mellomhøg å-uttale, altså mindre open. (á var i tidleg norrønt lang a, endra til nemnde å-lyd i norrøn tid)

  • Mellomhøg å-lyd blei til o-lyd. Vokalen i norrønt fótr gjekk frå å-uttale til o-uttale.

  • O-lyd blei til u-lyd. Vokalen i norrønt gjekk fra o-uttale til u-uttale.

  • Figuren i del 3 (to sider fram) viser uttale. Uttaler med "1" framfor viser korleis det var før endringa. Uttaler med "2" framfor viser resultatet. Eksempla er plasserte der dei høyrer heime i vokalfirkanten.



To teoriar om grunnar til kjedeforskyvinga:

  • To teoriar om grunnar til kjedeforskyvinga:

  • Drakjedeteorien: O-lyd blei til u-lyd, og de andre følgde etter for å tette ledige hol.

  • Skyvekjedeteorien: Låg å blei midre låg, dvs. mellomhøg. Den mellomhøge å-en blei skove vidare, og dei neste blei òg skove vidare.





Dei korte bakre vokalane blei òg forandra i nokre få tilfelle. Helst blei dei endra til midtre vokalar.

  • Dei korte bakre vokalane blei òg forandra i nokre få tilfelle. Helst blei dei endra til midtre vokalar.

  • O-lyd, /u/, u-lyd heldt seg mykje, til /ʉ/, særleg framfor lang n, som [mun:r] > [mʉn:] og [grun:r] > [grʉn:] i søraustlandsk. [hundr] > [hʉn:] i aust, men [hund] i vest. Jf. òg full, brukt. Ofte inga endring, som i bukk og ungdom

  • Å-lyd og a-lyd blei til /ø/ og /æ/ framfor tjukk l på delar av Austlandet, som: [golv] > [gøɽv] og [kalv] > [kæɽv]. Elles lite endring, jf. hall(r)

  • I dansk blei kort a runda til å-uttale framfor nd og ld:

    • handr > hånd og halda til holde
  • Eksempel for norsk på dei to neste sidene.



kort /u/ (o-uttale i norrønt)

  • kort /u/ (o-uttale i norrønt)

  • (/ʉ/ er u-uttale, høg runda)

  • vekslar frå ord til ord i moderne norsk, dels pga. lydlege avgjevnader og geografi; sjå læreboka (TV)

    • munn(r) > (aust) /mʉn/, (vest) /mun/
    • full(r) > (aust) /fʉl/, (vest) dels /ful/
    • Gunnar(r) > (aust) /gʉnar/, dels /gunar/ ut over landet
    • (i aust flytta likt lang /ʉ/ til /u/, vest som norr.)
    • ung(r) > /ung/, /uŋ/
    • som norrønt i heile landet
    • bukk(r) > /buk/
    • som norrønt i heile landet


kort /o/ (å-uttale i norrønt)

  • kort /o/ (å-uttale i norrønt)

    • mest som norrønt, men nokre stader: framover
      • topp(r), /top/, dels /tøp/
      • golf /golv/ > goɽv, dels /gøɽv/ før tjukk L
      • kol [kol] > [ko:l], [ko:ɽ], dels [kø:ɽ] før tjukk L
  • kort /a/

  • mest som norrønt, men nokre stader: flytta uttale framover (og litt opnare) i munnhola (/a/ > /æ/)

  • kalfr /kalvr/, /kalv/, /kaɽv/, dels /kæɽv/ før tjukk L

    • I dansk blei (nemnd tidl.) kort a runda til å-uttale framfor nd og ld:
    • handr > hånd og halda til holde.
    • Lånt inn i norsk tale og bokmål.


Trykklette a, i og u (o-uttale) blir meir "sentrale"/"slappe":

  • Trykklette a, i og u (o-uttale) blir meir "sentrale"/"slappe":

  • armar > armer, kastar > kaster, visur > viser

  • Vokalreduksjon fører til færre ulike endingar fordi resultatet er /e/, ofte fonetisk schwa [ə] for fleire av dei opphavlege vokalane.

  • Minst endring i innlandet og på Vestlandet.

  • Mest gjennomført vokalreduksjon er bortfall av ending med vokal. Det blir kalt apokope, og er gjennomført i i Midt-Noreg:

  • kasta > (å) kast; visa > (ei) vis; rikari > rikar



arminn > armen

  • arminn > armen

  • elfin /elvin/ > elven (bergensk, dansk)

  • visan > visen (bergensk, dansk)

  • armar > armer; elvar > elver

  • bǿnir > bøner, bønner; gestir > gjester

  • visur /visur/ > viser



På svensk og i delar av norsk område er vokalar skjerma av konsonant som har stått lenge, bl.a. i fortidsformer av a-verb:

  • På svensk og i delar av norsk område er vokalar skjerma av konsonant som har stått lenge, bl.a. i fortidsformer av a-verb:

    • kasta > (å) kaste (ikkje skjerma, og redusert), kast
    • kastar > kasta(r), kaste(r), kastær; kast
    • kastaði > kasta, kaste, kastæ
  • Dansk har meir reduksjon, mønsteret for bokmål:

    • kastar > kaster
    • kastað > kastet


Jamvekt vil seie at det i norrønt var like mykje trykk på to stavingar i ord som på norrønt hadde kort rotstaving pluss ending med vokal, f.eks. vera. Begge stavingane var korte: VK+V. Konsonant før rotvokal tel ikkje.

  • Jamvekt vil seie at det i norrønt var like mykje trykk på to stavingar i ord som på norrønt hadde kort rotstaving pluss ending med vokal, f.eks. vera. Begge stavingane var korte: VK+V. Konsonant før rotvokal tel ikkje.

  • Øvrige ord, med ujamn vekt, f.eks. kasta og vísa, blir kalt overvektsord, dvs. ord som på norrønt hadde normallang eller overlang rotstaving: VK:, V:K. Konsonant før rotvokal tel ikkje.

  • Jamvekt var avgrensa til austnorsk talemål (Austlandet og Trøndelag), men jamvekta er no borte dei fleste stader. Det kan vi høyre på andre måtar.



Viktigast er at vokalendingane i ord med opphavleg jamvekt seinare har blitt mindre reduserte enn i ord med normallange og overlange stavingar i rotstavinga norrønt. Alle ord har fått normallange rotstavingar.

  • Viktigast er at vokalendingane i ord med opphavleg jamvekt seinare har blitt mindre reduserte enn i ord med normallange og overlange stavingar i rotstavinga norrønt. Alle ord har fått normallange rotstavingar.

  • Eks.: vera > vera / væra / varra, kasta > kaste / kast

  • I moderne norsk er verknadene av tidlegare jamvekt mest synleg i "kløyvd infinitiv", som vera og kaste i same talemål, og som mogleg skrivepraksis på nynorsk (til 2005 òg på bokmål).

  • Jamvekt er levande i talemålet i Nord-Gudbrandsdalen og på Sør-Helgeland, men neppe mykje utbreidd.



Kort oppsummert:

  • Kort oppsummert:

  • Norrøne ord med kort rotstaving og endingsvokal hadde likt trykk på begge stavingane, dvs. rot og ending.

  • Altså jamn vekt.

  • Blir kalla jamvektsord.

  • Oftast normallang rotstaving i moderne norsk, jf. tidlegare.

  • Eksempel på overgang til moderne norsk på neste side.



Eksempel på utvikling av norrøne jamvektsord til moderne austnorsk

  • Eksempel på utvikling av norrøne jamvektsord til moderne austnorsk

    • infinitivar:
      • vera > vera,
      • gera > gjera,
      • sofa (/sova/) > sova,
      • lofa (/lova/) > lova
    • andre:
    • lesa, fara, bera, laga, drepa, skera, svara, eta


substantiv ("svake substantiv") i oblik form (akk., gen., dat.):

  • substantiv ("svake substantiv") i oblik form (akk., gen., dat.):

    • hana > hana
    • haga > haga
    • viku > viku
    • furu > furu
  • adjektiv:

    • sama (oblik form, svak bøying eintal) > sama /"samma")


Dei to systema frå norrønt

  • Dei to systema frå norrønt

  • Jamvektsord

  • Overvektsord (ikkje same som overlange):

    • normallange rotstavingar med vokalending, (K)VKKV, (K)V:KV;
    • ulik vekt, dvs. meir vekt på den første stavinga
    • (på neste sider)


Ord med normallang (lang vokal eller lang konsonant i rota) og overlang rot pluss endingsvokal i norrønt hadde meir trykk på rota enn på endinga, f.eks. verba

  • Ord med normallang (lang vokal eller lang konsonant i rota) og overlang rot pluss endingsvokal i norrønt hadde meir trykk på rota enn på endinga, f.eks. verba

    • vísa (lang vok. , kort kons. + ending)
    • kasta (kort vok., lang kons. + ending).
  • Blir kalla overvektsord fordi ei av stavingane hadde meir vekt i norrønt (austleg), dvs. ujamn vekt.

  • Endingsvokalen er redusert i austnorsk eller fallen bort (apokope) i trøndersk.

  • Rotstavingane er normallange i moderne norsk, som normalt, uavhengig av rotlengde i norrønt.



Eksempel på utvikling av overvektsord til moderne austnorsk

  • Eksempel på utvikling av overvektsord til moderne austnorsk

    • Frå norrøne normallange ord:
      • Infinitivar:
        • bíta > bite
        • vísa > vise
        • ráða > råde
        • leika > leike
        • hlaupa > laupe / løpe
        • kasta > kaste
        • kalla > kalle
      • Dvs. vokalreduksjon i endinga.
      • Og med apokope: bit, vis, leik osv.


Frå norrøne normallange ord, forts.:

    • Frå norrøne normallange ord, forts.:
      • substantiv:
        • láfi (/lovi/, 'låve') > låve
        • grýta > gryte
        • vísa (ei 'vise') > vise
        • granni > granne
    • Og med apokope: låv, gryt, vis, grann


Frå nørrøne overlange ord:

  • Frå nørrøne overlange ord:

    • infinitivar:
      • rísta ('riste', 'skjere') > riste
    • Og med apokope: rist (rest)
    • nátt [na:t:] > natt [nat:] (/nat/)


Jamvekt, av kortstava; i motsetnad til langstava

  • Jamvekt, av kortstava; i motsetnad til langstava

    • sofa > sova (kort; kort vok. + kort kons. i norrønt)
    • kasta > kaste (lang; kort vok. + lang kons. i norrønt)
    • vísa > vise (lang; lang vok. + kort kons. i norrønt)
  • Reduksjon (frå «fullvokal» til variant av e), eks. (nokre stader):

    • sofa > sova / sove
    • kasta, kastar > kasta / kaste, kastar / kaster


Jamning er ei vidareutvikling i ord som har jamvekt.

  • Jamning er ei vidareutvikling i ord som har jamvekt.

  • Jamning vil seie at vokalar i to stavingar blir meir like kvarandre.

  • I praksis vil det seie at rot- og endingsvokalene blir meir like kvarandre, eller heilt like.

  • Det har skjedd innanfor ein del av det geografiske området der jamvekt har verka, i hovudsak i Trøndelang og nord på Austlandet.



At vokalar blir meir like kvarandre, blir kalt tiljamning.

  • At vokalar blir meir like kvarandre, blir kalt tiljamning.

      • vera > væra
      • vita > /væta/
      • vita > /vøto/
    • At vokalar blir heilt like, blir kalt utjamning.
      • vera > væra > vara
      • sofa (/sova/) > /sovo/ («såvå», «såvvå»)
      • sofa (/sova/) > /sava/
      • vita >/voto/ ("våtå", "våttå")
      • vita >/vata/ («vata», «vatta»)
      • baka > /boko/ ("båkå", "båkkå")


Utviklinga av å-lyd (forrige side) har begynt med at den trykksterke a-en i endinga har blitt lang. Lang a har blitt til å-uttale som i kjedeforskyvinga.

  • Utviklinga av å-lyd (forrige side) har begynt med at den trykksterke a-en i endinga har blitt lang. Lang a har blitt til å-uttale som i kjedeforskyvinga.

  • baka > [baka:] > [bako:] > [boko:] > [bo:ko] (sjå S, s. 158-159)



Jamvekt kjem til uttrykk i opph. jamvektsord (opph. kortstava) som:

  • Jamvekt kjem til uttrykk i opph. jamvektsord (opph. kortstava) som:

    • - ikkje redusert vokal i ending: vera
    • - jamning: /væra/, /vara/, /boko/ ("båkå)
  • Reduksjon i opphavlege overvektsord (opph. normallange, overlange) kjem til uttrykk som:

    • - redusert vokal i ending: bite, vise, kaste
    • - apokope, dvs. bortfall av vokalending: å kast, å vis, ei vis
  • Det meste av Austlandet har:

    • - ikkje redusert vokal i gamle jamvektsord: vera
    • - redusert vokal i gamle overvektsord: å/ei vise, kaste
  • Trøndelag, og dels nord på Austlandet, har:

    • - jamning i gamle jamvektsord: vara, /voro/ ("vårå")
    • - apokope i gamle overvektsord: å/ei vis, å kast


... kjem i eiga fil.

  • ... kjem i eiga fil.



Yüklə 327,5 Kb.

Dostları ilə paylaş:




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©genderi.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə