Tolking av jordprøveresultat



Yüklə 9,46 Kb.
tarix02.03.2018
ölçüsü9,46 Kb.
#28730

Tolking av jordprøveresultat
Verkar analyseresultata frå jordprøvane kryptiske? Les forklaringa til parametrane.
Jorda vert til vanleg analysert for pH, P-Al, K-Al, K-HNO3, Mg-Al, Ca-Al, Na-Al.
pH-verdien

Dette talet er eit uttrykk for kor sur jorda er.

Grovt sagt kan ein sei at talet er eit uttrykk for konsentrasjonen av Hydrogen-ionar i jorda. Di høgre konsentrasjon – di lågare pH-tal(negativ logaritme) og di surare er jorda. Med å tilsetja kalk, vil kalsium-ionar ta plassen til hydrogen-ionane.



  • Ideell pH-verdi til gras er 5,8-6,2.

  • Ein bør kalka dersom pH-verdien er under 5,5 på mineraljord og under 5,0 på myrjord.

  • Ein bør heller ikkje ha ein pH-verdi over 6,5. Då vert næringsstoff bunde att.


P-Al Fosfor

P står for fosfor. Al er uttrykk på analysemetoden.

Fosfor er eit viktig næringsstoff. I gamal dyrka jord som gjennom mange år har fått tilført husdyrgjødsel, vil det vera høgt fosfor-innhald.



  • Nydyrka jord er svært fosforfattig. Her bør ein tilsetja superfosfat.

  • Fosfor kan verta sterkt bunde i jorda. Særleg i sur jord vert fosfor sterkt bunde.

  • Ein tilrår å bruka litt fosfor(0,5-1 kg) til eng sjølv om det er høgt innhald.

  • P-Al som viser innhaldet av lettløyseleg fosfor, bør vera over 4 – 5.



K-Al Kalium

K står for kalium. Al er uttrykk for analysemetoden. K-Al viser innhald av lettløyseleg kalium.

Kalium vert lett bunde i jorda. Det vert også lett utvaska. Organiske jordartar(myr) og grov sandjord med lågt leirinnhald, er fattige på kalium. Her finn ein ofte K-Al tal på under 6 som er lågt innhald.



  • Dersom K-Al-tala ligg i området 7 – 15 (middels – klasse 2), kan ein rekna med at ein tilfører det kalium som trengs til plantane. Då treng ein ikkje endra gjødselslag.

Husdyrgjødsel og pressaft inneheld mykje kalium. Dersom kaliuminnhaldet i jorda er høgt, tek plantane opp meir enn dei har bruk for.

  • Dersom K-Al-tala ligg over 15, bør ein kanskje vurdera kaliumgjødslinga. Då kan det tyda på at ein har overdosert med kalium.


K-HNO3 Syreløyseleg kalium

Syreløyseleg kalium vert uttrykt som K-HNO3 og omfattar både lettløyseleg kalium og reservar som ein reknar med skal verta tilgjengeleg på litt lengre sikt.

Dette talet seier meir om opphavsmaterialet til jordarten, kva bergartar mineraljorda er danna av. Ein del bergartar inneheld meir kalium enn andre, og enkelte bergartar forvitrar lettare. Leirglimmerskifer inneheld og frigjev meir kalium enn gneis og granitt.

K-HNO3 seier også noko om leirinnhaldet. Di høgre leirinnhald i jorda di høgre kalium-innhald. Det er alltid greitt å kjenna til K-HNO3 i samband med gjødselplanlegginga.

Det er ikkje nødvendig å ta denne analysen meir enn ein gong. Ein treng også berre ein prøve på kvar jordart på garden. Myrjord har alltid låge kaliumreservar.

Det er ikkje krav om å ta denne analysen.



  • Lågt innhald: < 30 Middels innhald 30-80 Høgt innhald 80-120 Svært høgt >120


Mg-Al Magnesium

Mg står for magnesium. Al som nemnt ovanfor, analysemetoden.

No når det vert brukt så mykje grovdolomitt som kalkingsmiddel, er det sjeldnare låge magnesiumtal. Elles er magnesium eit svært viktig næringsstoff for dyra. Difor er det viktig at jorda inneheld ein del magnesium. Som ein veit er det konkurranse mellom magnesium og kalium når det gjeld opptaket i plantar. Det bør vera ein balanse mellom desse næringsstoffa.


  • Magnesium- talet bør vera over 6.


Ca-Al Kalsium

Dette talet viset innhaldet av lettløyseleg kalsium.

Ein må skilja mellom kalsium og kalk. Kalsium som er eit grunnstoff og eit nødvendig plantenæringsstoff. Kalk er basiske kalsium- eller kalsium-magnesium-sambindingar som først og fremst vert tilført for å gjera jorda mindre sur.


  • På jord med god kalktilstand vil plantane sjeldan vera utsett for kalsiummangel. I visse typar torvjord, og i enkelte sandjordartar, kan innhaldet av lettløyseleg kalsium vera lite sjølv om pH ikkje er så låg.

  • Er pH låg og Ca-innhaldet lågt (<80-140 på mineraljord og < 130-210 på organisk jord), er det trong for kalking.


Na-Al Natrium

Dette stoffet har me ikkje lagt så stor vekt på i gjødselplanlegginga. Kan nemna at i seinare tid er meir snakk om å tilføra dette stoffet på beite.



  • Eit høgt innhald(>50) tyder på at det er stor saltkonsentrasjon som kan vera til skade for klorømfintlege vekstar.



Januar 2008, Jorunn Ringheim Hernes
Yüklə 9,46 Kb.

Dostları ilə paylaş:




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©genderi.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə