Nytt utgitt av norsk språKRÅD 31. årgang 3–4 /2003



Yüklə 0,51 Mb.
Pdf görüntüsü
səhifə12/23
tarix06.05.2018
ölçüsü0,51 Mb.
#42931
1   ...   8   9   10   11   12   13   14   15   ...   23

I

STUDIETIDA

arbeidde eg med biografi-

en til ein islamsk lærd frå Marokko.

Han studerte hos ein viktig teolog og

reformator som heitte Ahmad ibn Idris

al-Fasi. Men då eg begynte å lese skrift-

ene til den lærde mannen, syntes eg

det var pussig at han nesten aldri refe-

rerte til denne læraren. Han skreiv

tjukke bøker om alle teologane og dei

lærde som han hadde studert saman

med, men Ahmad var ikkje mellom

dei. Derimot hadde han å sjå til eit

nært forhold til ein annan lærd teolog,

ein som heitte Abu al-Abbas al-Ara’ishi.



Han var derimot heilt ukjent frå andre

kjelder, og eg brukte mye tid på å prø-

ve å finne ut noe om denne ukjente

teologen.

Heilt til eg kom over noen nye bio-

grafiske kjelder om denne Ahmad ibn

Idris. For, viste det seg, han var slett

ikkje fødd i Fez, som namnet al-Fasi

skulle tyde på – han hadde berre budd

der i noen år. Han kom i staden frå ein

liten landsby nær Larache ute ved

kysten. Da gjekk det eit lite lys opp for

meg, for den arabiske forma for

Larache er al-Ara’ish. Og dei som heiter

Ahmad, får ofte tilnamnet Abu al-

Abbas. Så Ahmad ibn Idris al-Fasi og den

mystiske  Abu al-Abbas al-Ara’ishi var

same mannen. Ingen av desse namna

var «kjælenamn» eller noe slikt, begge

var fullverdige og komplette namn, på

same personen, sjølv om ikkje noe ele-

ment i det eine namnet kan finnas att i

det andre. 

Vi er jo, iallfall i det moderne Noreg,

vant til at namn er noe relativt perma-

nent og einskaplig som følgjer ein per-

son gjennom livet, om enn ein kan

sjonglere noe med mellomnamn og

familienamn. I den arabiske tradisjo-

nen, derimot, er det betre å sjå på eit

namn som ein sum av namnekjelder

der ein person kan hente element og

sette saman ei nemning som han anten

kan bruke alltid, eller endre på, eller ta

noen delar inn eller ut av etter ønske

og behov. Det er ofte meir ei beskri-

ving av aspekt ved personen enn eit

substitutt for eit totalt individ. 

Eigennamnet: ism

Om vi ser på dei ulike komponentane

(«modulane») som til saman kan ut-

gjere eit namn, er det mest basale sjølve

eigennamnet, ism på arabisk, som all-

tid berre er eitt enkelt namn. Trass i

ein rik flora av eigennamn ser vi at

noen få eigennamn går att mye oftare

enn andre, særlig dei som er knytt

til islams oppkomst. Det langt mest

brukte mannsnamnet er Muhammad,

etter profeten.



Muhammad betyr «den lovpriste».

Mange andre eigennamn er avleidd av

same innhaldet. Dei mest brukte er

22

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3



Frå Ibn Ahmad til Abu Ummar:

om arabiske namn og tradisjon

KNUT S. VIKØR



AhmadMahmudHamidHumaydHam-

dan, og det fins fleire. Som ein ser, har

desse namna dei tre konsonantane



h-m-d felles, og dette er den meinings-

berande delen av orda, og den heng

saman med «å prise». Formene rundt

– vokalane, prefiks som Mu- eller Ma-,

suffiks som -an – presiserer innhaldet:

«den mest priste», «den prisverdige»,

«den som priser [Gud]», osv. 

Andre mye brukte eigennamn er

tilnamn som vart lagt til profeten, for-

utan Ahmad også Mustafa, «den utval-

de». Andre eigennamn har ikkje noe

religiøst innhald, men dei vart brukt

av dei tidlige leiarane i riket og profet-

ens følgjesmenn, slike som UmarUth-



man el. Osman og Ali. Ei særlig gruppe

eigennamn kjenner vi godt frå vår

eigen kultur, det er namna til profeta-

ne før Muhammad, dei som islam jo

deler med kristendommen. Slike er

altså Ibrahim (Abraham), Musa (Moses)

og Isa (Jesus). Andre bibelske namn er

Harun  (Aron), Dawud  (David),  Ishaq

(Isak), Jibril (Gabriel), Yahya (Johannes),

Ayyub (Job) og Sulayman (Salomo). 

Ein annan type ism er reint religiøs

og betyr ’Guds tenar’, anten rett fram,

Abd Allah eller  Abdullah, men oftare

med eitt av dei nittini synonyma for

’Gud’, som Abd al-Rahman og Abd al-

Rahim (tenar til den miskunnsame),

Abd al-Qadir (tenar til den handlingsri-

ke), Abd al-Aziz (tenar til den mektige),



Abd al-Karim (tenar til den velgjeran-

de), som alle er aspekt ved guddom-

men. Alle desse består av Abd (tenar)

og gudsattributtet. Noen av dei siste

kan vere eigennamn i seg sjølv når dei

viser til ein menneskelig eigenskap,

slik som Karim, velgjerande. Men dei

fleste av dei kan berre vise til Gud, og

når vi bryt dei opp og t.d. bruker al-

Nasir (Nasser) åleine i staden for Abd

al-Nasir, kallar vi i grunnen mannen

’Gud’.


Farsnamn

Sidan eigennamna er så ulikt fordelt,

med enorm overvekt på dei religiøse,

må ein kunne skilje mellom dei som

heiter  Muhammad (kanskje ein firedel

av alle muslimar). Det gjer ein ved å

legge til ibn «son av ...»: Muhammad

ibn Ahmad, Muhammad, son av

Ahmad. Nå fins det mange ahmadar

som har kalla son sin Muhammad, så

ein kan legge på eit slektsledd til:



Muhammad ibn Ahmad ibn Muhammad.

I nyare tid kutter ein av og til ut ibn og

seier t.d. Muhammad Ali. Det er det

same som Muhammad ibn Ali.

Dette er den mest formelle måten å

beskrive ein person på. Alle personar

har ein og berre ein ism, og alle har ein

far og ein farfar, så om ein veit kva dei

heiter, vil ein alltid finne fram til den

rette personen. Klassisk arabiske leksi-

kon og oppslagsverk ordnar derfor

personar etter namn og farsnamn.

Men det er strengt tatt inga grense for

kor langt bakover ein kan gå, om ein

berre kjenner slektslina: Ein kan ende

opp med Ibn Adam, son av Adam, eller

iallfall, og det er svært ettertrakta, Ibn

Husayn ibn Ali, det vil seie ein profe-

tens etterkommar.

Namn og slektsline, genealogi, flyt

altså over i kvarandre. Ein biografi

kan starte slik: «Han heitte Mustafa ibn

Umar ibn …,» og slik kan ein fortsette

med fleire ledd tilbake så langt ein kan

komme, ei halv side eller meir, tilbake

til profeten. Til vanlig blir likevel berre

dei første to-tre ledda nytta. Dei to

23

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3




Yüklə 0,51 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   8   9   10   11   12   13   14   15   ...   23




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©genderi.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə